Bookbites

BookBites er ein gratis lese-, lytte- og utlånsapp for e-bøker og e-lydbøker.

Korleis tar eg det i bruk?

  • For å låne bøker i appen må du ha lånekort med tilhøyrande pin-kode. (Kontakt biblioteket om du manglar kode til lånekortet ditt.)
    Manglar du lånekort, får du det på biblioteket, eller du kan registrere eit digitalt nasjonalt lånekort og deretter kome innom biblioteket og knytte det digitale lånekortet til Hyllestad folkebibliotek.
  • Last ned appen BookBites til mobil eller nettbrett frå App Store eller Google Play.
  • Lag ein brukar med epostadresse og passord.
  • Når du opprettar brukar, må du òg legge inn lånekortnummer og pinkode, for så å velje biblioteket ditt.
  • Når du seinare skal logge inn brukar du e-postadressa og passordet du oppretta.

Har du ein Feide-brukar kan du logge inn med denne.

Du kan også bruke Bookbites på PC.

Treng du hjelp? – Her finn du rettleiingar for korleis kome i gang med BookBites.