Alt om lån
Slik blir du lånar – lånekort
- For å låne på biblioteket treng du eit lånekort. Kom innom biblioteket, og ta med deg legitimasjon.
Når du kjem innom må du signere lånereglement før du får lånekort. - Du kan velje eit mellom eit lokalt lånekort som du brukar kun i Hyllestad, eller eit nasjonalt lånekort (“Bibliotekkortet“) som kan brukast på alle bibliotek i Norge.
- Du kan registrere nasjonalt lånekort digitalt, før du kjem til biblioteket og registrerer det hos oss.
- Barn får lånekort når dei startar på skulen. Er du yngre enn 12 år må du ha underskrift av forelder/føresett. Eleven får med seg utskrift av lånereglementet heim, og leverer på biblioteket når det er signert.
- Vi ber om at du tar kontakt med biblioteket om du skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.
- Det er gratis å låne, og det er inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.
Lånetid
- Bøker og lydbøker: 4 veker
- Filmar (dvd): 1 veke
- Tidsskrift: 2 veker
Vil du fornya låna dine? Det er mogeleg å fornya det du har lånt 2 gonger om ikkje andre har reservert det. Det du har lånt kan fornyast via e-post, telefon eller via Meg & mitt.
Bestill frå andre bibliotek
Om du ikkje finn det du vil låne, så kan det vanlegvis lånast inn frå eit anna bibliotek. Spør oss på bibilioteket, eller bestill sjølv på Bibsok.no, og hent på biblioteket. [lenke til tenesteerklæring for fjernlån?]
Slik leverer du
Det du har lånt kan du levere i skranken på biblioteket i opningstida. Utanom opningstida kan du levere i bok-skapet som står inne i gangen, i kommunehuset si opningstid.
Purring
Om du ikkje leverer innan fristen, får du purring. Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det. Om du ikkje leverer materiale etter to purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. Jf. utlånsreglar for Hyllestad folkebibliotek.
Meg & mitt – oversikt over eigne lån og bestillingar
Logg deg inn på «Meg & mitt» for å sjå dine lån og bestillingar.
På «Meg & mitt» kan du:
– søkje og bestille frå biblioteket si samling
– administrere eigne lån, forlenge og reservere (setje deg på venteliste)
Personvern
Sjå personvernerklæringa vår for informasjon om kva opplysningar vi lagrar i samband med lån.
Har du spørsmål?
Ta turen innom, ring oss på 577 89 540 eller send ein e-post, så hjelper vi deg!