Boktips

Nedanfor finn du bokomtalar frå Nynorskbok og Framtida.

Lesetips frå Nynorsksenteret

  • av Ingvild Myklebust Hovden
    Dette er den andre boka om Stella. Ho bur saman med mor si, og dei har dårleg råd. I same blokk bur Rania, som er besteveninna til Stella, og den koselege nabodama Hillevi. Det nærmar seg jul, men Stella (11 år) gler seg ikkje. Vanlegvis har Stella og mora feira jul saman med Rania og […]
  • av Heidi Fagna
    Samson skal på klassetur til skitrekket, men det går på ingen måte etter planen. Det skjer seg allereie i bussen om morgonen. Samson et så mykje ostepop at han spyr, og det skjer dessverre i sekken der både læraren sin PC og Alva sin bamse ligg. Alva ho må ha bamsen for å få sove. […]
  • av Heidi Fagna
    Samson er 9 år og hamnar i mange rare situasjonar. Dei skriv han om i dagboka si, som me er så heldige at me får lese. Eller: Eigentleg får me jo ikkje det, for boka startar med ei åtvaring om at det ikkje er fint å lese andre sine dagbøker.
  • av Anne Marta Vinsrygg Vadstein
    Nokre bøker er noko heilt for seg sjølve, og dette er ei slik ei. I teikneserieform fortel Engedal ei fantasifull historie om Jotten, Jotto og Larsen, som bur i lag i ei bygd der det sjeldan skjer noko særleg. Alle i bygda lever av å sanke sopp, men ein dag er all soppen vekk! Det […]
  • av Ingvild Myklebust Hovden
    15 år gamle Markus bur saman med mor, far og veslesøster Milla. Faren arbeider i Nordsjøen og er dermed mykje vekke. Markus ber på ei indre uro. Han er redd for at mora som har vore edru i over eitt år, skal byrje å drikke alkohol igjen.  

Bokmeldingar frå Framtida

RSS-feil: https://framtida.no/tag/bokmelding/feed is invalid XML, likely due to invalid characters. XML error: Reserved XML Name at line 2, column 39