Digitale tenester

Her finn du oversikt over ulike digitale tenester som biblioteket tilbyr. Ta gjerne kontakt om du treng hjelp!

Foto tatt over skuldra til person som sit og drikk te og les e-bok på mobilen

Bookbites

BookBites er ein lese-, lytte- og utlånsapp for e-bøker og lydbøker. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha eit lånekort frå biblioteket, med tilhøyrande pinkode. Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen.

Mobilar og nettbrett ligg på grøn bakgrunn, tekst Pressreader

PressReader

Pressreader gjev deg tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen og Bergens Tidende.

Skjermdump frå nb.no som mellom anna viser eit gamalt foto og framsider av eldre bok og tidsskrif

Nettbiblioteket

I Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete. Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Skjermbilete frå innloggingsbilete Meg og mitt

Meg & mitt

I Meg & mitt kan du administrere eigne lån, forlenge og reservere bøker. Logg inn med lånenummer og pinkode/passord, og sjå kva lån og bestillingar du har. Du kan også få tilgang til Pressreader ved å logge deg inn her.

Illustrasjon av forstørringslas

Biblioteksøk

Biblioteksøk er ei søkjeteneste frå Nasjonalbiblioteket. Her kan du søkje på litteratur i alle norske bibliotek. Ved å logge deg inn med nasjonalt lånekort, kan du bestille bøker og få sendt til ditt bibliotek.

Kvinne på pinnestol lener seg framover mot lys frå eit fjernsyn

FilmBib

Filmbib er ei strømmeteneste for norsk kort- og dokumentarfilm. Du får tilgang til tenesta via ditt nasjonale lånekort. Logg på med lånekortnummer og PIN-kode. Filmbib er tilgjengeleg på PC, smarttelefon og nettbrett.

Teikning av vaksne og barn i gamaldagse klede som spring etter noko bortover graset.

Lesekroken

Lesekroken er eit tilbod som er tilrettelagt for minoritetsspråklege, fleirkulturelle, to-språklege og etnisk norske. Lesekroken inneheld e-bøker og e-lydbøker med eventyr frå Asbjørnsen og Moe sine samlingar på bokmål, nynorsk og 21 av dei mest vanlege framandspråka i Noreg. I tillegg finn de interaktive aktivitetar til eventyra. De kan nytte publikumspassordet Lihesten for å logge på nettstaden.

Teina illustrasjon av barn og ungdom

Lesedigg

Lesedigg er ein nettstad for barn. Her kan du sjølv finne bøker som passar deg. Prøv til dømes funksjonen “Finn ei bok for meg”

Smilande mor og barn ser på nettbrett

Verdensbiblioteket

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Tenesta er gratis, og ope for alle som besøker sida frå ei norsk IP-adresse. Du opprettar sjølv ein brukar med e-postadresse og passord.

Teikning av to barn som les i ei bok

Billedbokhylla

Billedbokhylla er ein del av det digitaliserte materiale til Nasjonalbiblioteket. Her finn du skanna biletbøker som er utgitt fram til og med år 2000. For å lese bøkene må du vere på nett.

Landskap i blåfarge med tekst Bibliotekkortet over

Bibliotekkortet

Bibliotekkortet er eit nasjonalt lånekort. Har du nasjonalt lånekort frå før kan du logge deg inn og sjå og endre eigne opplysningar. Har du ikkje nasjonalt lånekort kan du opprette det digitalt. Deretter kjem du til Hyllestad folkebibliotek og knyter lånekortet til biblioteket her, og kan då nytte tenestene våre.