Lånereglement

Utlånsreglar for Hyllestad folkebibliotek

Vedtekne i Hyllestad kommunestyre 24.09.2001

  1. Alt lån av bøker, lydbøker og tidsskrift frå biblioteket er gratis.
  2. For å nytte biblioteket sine tenester, må ein ha lånekort. Barn frå 1.klasse får lånekort. Dei under 12 år må ha forelder/føresett si underskrift for å vere lånar. Lånar skal alltid ha med seg lånekortet, og pliktar å melde frå om namne- og adresseforandring.
  3. Lånetid for bøker og lydbøker er 4 veker. Lånetid for tidsskrift er 2 veker. Lånetida kan forlengast dersom materiellet ikkje er reservert for andre.
  4. Lånar er personleg ansvarleg for lånt materiell. Vidarelån er ikkje tillete. Øydelagd eller tapt materiell skal erstattast av lånar.
  5. Når lånetida er ute, vert det sendt varselbrev. Etter to varselbrev sender Hyllestad kommune erstatningskrav på det lånte materiellet tilsvarande det materiellet kostar i innkjøp. Spesielt verdfulle bøker, delar av verk og anna verdfullt materiell vert vurdert særskild.
    Hyllestad folkebibliotek ber lånaren om å overhalda lånetida, slik at andre lånarar og får høve til å låna bøkene/lydbøkene/tidsskrifta.
  6. Lånar kan reservere bøker/lydbøker/tidsskrift som er utlånt. Biblioteket sender melding om dato for henting.
  7. Bøker/lydbøker som Hyllestad folkebibliotek ikkje har, kan vanlegvis skaffast frå andre bibliotek. Det er då eigarbiblioteket sine lånereglar som gjeld.
  8. For bruk av internett og lån av videogram/dvd gjeld eigne reglar.
Translate »

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close