E-bøker
BookBites er ein gratis lese-, lytte- og utlånsapp for e-bøker og e-lydbøker
- Last ned appen BookBites til mobil eller nettbrett frå App Store eller Google Play.
- For å låne bøker i appen må du ha lånekort med tilhøyrande pin-kode. (Kontakt biblioteket om du ikkje har pin-kode.)
- Lånekort får du på biblioteket, eller du kan registrere eit digitalt nasjonalt lånekort og deretter kome innom biblioteket og knytte det digitale lånekortet til Hyllestad folkebibliotek.
- Lag ein brukar med epostadresse og passord.
- BookBites er ein app og kan ikkje brukast på Pc.
- Billedbokhylla er ein del av det digitaliserte materiale til Nasjonalbiblioteket
- Her finn du skanna biletbøker som er utgitt fram til og med år 2000.
- For å lese bøkene må du vere på nett.
- Bokhylla.no er ein del av det digitaliserte materiale til Nasjonalbiblioteket
- Du får digital tilgang til alle norske bøker utgitt i Norge t.o.m år 2000.
- Biblioteksøk er ei søkjeteneste frå Nasjonalbiblioteket.
- Her kan du søkje på litteratur frå alle norske bibliotek.
- Ved å logge deg inn med nasjonalt lånekort, kan du bestille bøker og få sendt til ditt bibliotek.
- Lesekroken
- Eit gratis digitalt tilbod for alle. Du kan høyre/lese fire eventyr frå Asbjørnsen og Moe på nynorsk/bokmål.
- Eventyra finst óg på 19 av dei mest vanlege framandspråka i Norge.
- I tillegg finn du 100 andre eventyr på bokmål, samt fargeleggingsoppgåver og puslespel.
- Logg deg på med publikumspassordet: Lihesten
Digitalt, nasjonalt lånekort
- Digitalt, nasjonalt lånekort er eit fullverdig nasjonalt lånekort om du ikkje har dette lånekortet frå før.
- Tenesta krev identifikasjon ved hjelp av ID-portalen (MinID, BankID mfl).
- Etter du har registrert deg må du kome innom biblioteket og knytte det digitale lånekortet til Hyllestad folkebibliotek. Det kan også knyttast til andre bibliotek rundt i landet, slik at du kan låne frå dei også.
Meg & mitt
- I Meg & mitt kan du administrere eigne lån, forlenge og reservere bøker.
- Logg inn med lånenummer og pinkode/passord, og sjå kva lån og bestillingar du har.
Digitale aviser og tidsskrift
- PressReader gir deg digital tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift, på over 60 språk. Av norske aviser kan vi nemne Bergens Tidende og Aftenposten.
- Tilgang via biblioteket sitt nettverk:
- På mobil og nettbrett: Last ned PressReader-appen frå App Store eller Google Play, og kople deg på nettverket i biblioteket.
- På pc: Gå inn på pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk.
- Etter du har vore inne på Pressreader på biblioteket sitt nettverk, har du fri tilgang i 7 dagar før du igjen må innom biblioteket for å fornye tilgangen.
- Tilgang via innlogging:
- Gå til innloggingssida i Hyllestad folkebibliotek sin base og logg på med lånenummer og pinkode. Du finn då ikonet for Pressreader nederst til venstre på sida.
- Du får tilgang til aviser/tidsskrift i 7 dagar. Deretter må du innom biblioteket for å oppdatere for nye 7 dagar.
Filmar
- I Filmbib får du tilgang til norsk dokumentar- og kortfilmar på nett.
- Filmbib er tilgjengeleg på pc, smartteleforn og nettbrett. Last ned appen frå App Store eller Google Play.
- For å logge på må du ha nasjonalt lånekort. Det kan du få i det lokale biblioteket ditt, eller registrere eit digitalt, nasjonalt lånekort. (For å bruke Filmbib treng du ikkje pinkode, eller ha knytt det digitale lånekortet til ditt lokale bibliotek.)