Alt om lån

bøker som ligg i grasetSlik blir du lånar – lånekort

  • For å låne på biblioteket treng du eit lånekort. Kom innom biblioteket, og ta med deg legitimasjon.
    Når du kjem innom må du signere lånereglement før du får lånekort.
  • Du kan velje eit mellom eit lokalt lånekort som du brukar kun i Hyllestad, eller eit nasjonalt lånekort som kan brukast på alle bibliotek i Norge.
  • Barn får lånekort når dei startar på skulen. Er du yngre enn 12 år må du ha underskrift av forelder/føresett. Eleven får med seg utskrift av lånereglementet heim, og leverer på biblioteket når det er signert.
  • Vi ber om at du tar kontakt med biblioteket om du skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.
  • Det er gratis å låne, og det er inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.

Lånetid

  • Bøker og lydbøker: 4 veker
  • Filmar (dvd): 1 veke
  • Tidsskrift: 2 veker

Vil du fornya låna dine? Det er mogeleg å fornya det du har lånt 2 gonger om ikkje andre har reservert det. Det du har lånt kan fornyast via e-post, telefon eller via Meg & mitt.

Bestill frå andre bibliotek

Om du ikkje finn det du vil låne, så kan det vanlegvis lånast inn frå eit anna bibliotek. Spør oss på bibilioteket, eller bestill sjølv på Bibsok.no, og hent på biblioteket.

Slik leverer du

Det du har lånt kan du levere i skranken på biblioteket i opningstida. Utanom opningstida kan du levere i bok-skapet som står inne i gangen, i kommunehuset si opningstid.

Purring

Om du ikkje leverer innan fristen, får du purring. Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det. Om du ikkje leverer materiale etter to purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. Jfr utlånsreglar for Hyllestad folkebibliotek.

Meg & mitt – oversikt over eigne lån og bestillingar

Logg deg inn på «Meg & mitt» for å sjå dine lån og bestillingar.
På «Meg & mitt» kan du:
– søkje og bestille frå biblioteket si samling
– administrere eigne lån, forlenge og reservere (setje deg på venteliste)

Personvern

Sjå personvernerklæringa vår for informasjon om kva opplysningar vi lagrar i samband med lån.

Har du spørsmål?

Ta turen innom, ring oss på 577 89 540 eller send ein e-post, så hjelper vi deg!

Translate »

Ved å fortsetje å bruke denne sida gir du samtykke til vår bruk av cookies Personverninformasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close